Fakta om Fysikk, Univers, Klima, Politikk mm.

Logo-fakta360 vertikal
Einar Sletten

Historielaus klimadebatt

Kronikk av Einar Sletten
Professor emeritus, Kjemisk institutt, UiB.

Kronikken ble refusert av BT, til tross for lovnad om aksept. BT sensurerer åpen saklig kritikk mot klimahysteriet av grønnråte-journalister. Sagt med andre ord: MSM, med BT i spissen, undergraver demokratiet ved å sensurere saklige ytringer og motargumenter.

Skal vi akseptere det?
Her er kronikken i sin helhet:

Ein kan få inntrykk av at dagens debatt om menneskeskapte endringar i klima er av ny dato. Professor Hans von Storch har i ein artikkel i World Res. Rev. (1996) påpeika at over dei siste 1000 åra har folk vore svært opptekne av å knyte klimaendringar til antropogen aktivitet. Ofte blei religiøse element lagt til grunn når unormalt vær oppstod, til dømes, ein lang våt periode i England på 14. hundretalet blei forklart med at det var Guds straffedom for folks livsstil.

Første del av det 20. århundre var prega av ein uvanleg varm periode i store delar av verda. Etter andre verdskrig gjekk vi så inn i ein svært kald periode. Førstesides oppslag (1974) i Newsweek og Times Magasin åtvarar om «A New Ice Age». Det blir vist til at «klimatologar er pessimistiske med omsyn til at politikarar kan gjere positive tiltak for å kompensere for endringar i klima. Utan slike planar vil det bli vanskeleg å takle klimaendringar når resultatet blir akutt. Afrika har hatt seks år med ekstrem tørke medan deler av USA og Japan har hatt den verste flaumen på over hundre år». Heldigvis begynte temperaturen å stige på 1980-talet.
FNs klimapanel (IPCC) blei etablert i 1988 og presenterte straks datamodellar som viste at auke i CO2 –nivået kunne føre til dramatisk oppvarming. Men no viser det seg at temperaturen frå 1990 ikkje har stige i takt med auke av CO2-nivå. IPCC har problem med å forklare ein varmepause frå 1998 til 2012, (hiatus). Ein snakkar ikkje lenger om «Global oppvarming» men om «Globale klimaendringar».

Professor Lennart Bengtson er ein av Nordens fremste klimaekspertar. Han har vore forskar ved Max Planck-instituttet i Hamburg som har stått for utvikling av klimamodellar som IPCC bygger sine konklusjonar og anbefalingar på. Gjennom åra har han alltid avdramatisert dei mange alarmerande innspel frå beregningsmodellane.Han slår fast at dei har store svakheiter, klima har alltid variert, og i to tredeler av sin eksistens har kloden vore 7 °C varmare enn no. Ein har øydelagt klimadebatten og skapt hysteri, fordi ein brukar vêrhendingar som prov på klimaendringar, t.d. blir kraftige orkanar ofte knytt saman med global oppvarming. Aktivistar og politikarar har teke over klimadebatten. Ein må slutte med heile tida å bruke klimamodellar og i staden sjå på observasjonar av det som faktisk har skjedd (sier han).

Det blir hevda at vi må bruke føre var prinsippet for å sikre vår vestlege velferd. Men kva med utviklingslanda. Ein Kenyansk utviklingsekspert kom med fylgjande krasse kritikk på eit IPCC klimamøte. «Dei rike landa kan tillate seg lukseriøse ekperiment med andre former for energi, medan vi er på grensa for overlevelse. Eg kan ikkje sjå at solpanel vil gi kraft til stålindustri eller jernbane. Det kan til nøds drive ein transistorradio. Det som kjem fram frå heile klimadebatten er at nokon er ivrig etter å drepe den Afrikanske draumen om utvikling. Vi har blitt fortald ikkje rør våre ressursar, ikkje rør vår olje, ikkje rør våre kolressursar; det er sjølvmord.» Er det rart at vi har ein flyktningstraum frå Afrika! Bjørn Lomborg (Copenhagen Consensus) viser til langt meir aktuelle miljøproblem enn klimaendringar i u-landa: dødsfall relatert til ute- og inneklima samt mangel på vatn og sanitære forhold. Samstundes driv Europa ein omsynlaus «plyndring» i Afrika etter metall som trengst for «det grøne skifte» (vindmøller, el-bilar).

Kvifor trur folk at vi har ei klimakrise i dag? Ein viktig faktor er at mange brukar Wikipedia som grunnlag for informasjon om klima. I 2010 blei det avslørt storstilt juks som omhandla klimaforsking. William Connolley, ein viktig forkjempar for konklusjonen i FNs klimarapport, hadde verv som senior redaktør for kunnskap om klimaspørsmål. Over ein 6-års peiode omskriv han omlag 500 artiklar der innhaldet ikkje stemte heilt med hans syn på global oppvarming. I alt 2000 bidragsytarar i dette feltet blei stengt ute på grunn av avvikande meiningar. Framleis ser vi tydelege spor ettet Connolly i Wikipedia. Eit anna moment er internett tilgang. Før vi fekk satelittar kunne vi knappast få vite kva som hende i nabofylket. No får vi daglege skremmande rapportar inn i stova om orkanar, flaum, tørke, skogbrannar, jordskred frå heile verda. Ikkje rart vi får klimangst! IPCC vedgår at det ikkje er nokon klar trend i talet på flaumar og heller ingen trend i orkanar på verdsbasis. Satelittbilete viser at omfanget av forørkning i Sahara har minka, Sahel regionen har blitt grønare. CO2 auke i atmosfæren aukar veksten. Sidan 1930 har kornproduksjonen i verda blitt 5-dobla medan folketalet har auka 3,5 gonger. Dei siste 40 åra har jordbruks-produksjonen auka med 40 %. Problemet er fordeling av mat mellom rike og fattig land. For eit århundre sidan drap klimarelaterte katastrofar 500.000 mennesker kvart år. No, på trass av mange fleire menneske, er dette talet redusert med meir enn 95prosent!

Det som er sikkert er at det før eller seinare blir slutt på fossil energi (kol, olje, gass). Vi bør difor innføre effektive sparetiltak utan å rasere naturen med vindmøller. På sikt blir vi nok nødt til å satse på kjernekraft slik som t.d. Sverige, Finland og Frankrike har gjort.

PS. Vi har hatt ein enorm vekst i talet på klimforskarar i verda. I USA snakkar ein om «The Greenhous Industry». Diverre er det dokumentert at sentrale IPCC forskarar har blitt avslørt i juks med temperaturskalaen: observasjonar stemte ikkje med modellen, «Hide the decline» skandalen. Døme på juks i forskning er ikkje eit ukjent fenomen!

“I saw that most men only care for science so far as they get a living by it, and that they worship even error when it affords them a subsistence.” Johan Wolfgang von Goethe.

Støtt oss ved å dele:

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email