Norges største blogg om klima!
30.000 lesere pr. mnd.

Den store biobløffen, det grøne sløseriet

Stans raseringen av Norges natur! Stans vindturbiner! Hjelp oss å spre fakta! Støtt Fakta360.no NÅ! – Vi trenger din hjelp! –

Fleire politiske parti har no sett som mål at innan 2030 skal 40 % av drivstoffet vera biodrivstoff. Dei aner ikkje kva dei argumenterer for.

Av Halvor Øygarden, sivilagronom

Biodrivstoff skal lagast av plantemateriale, og er fornybart. Ivrige og veltalande miljø- og klimaaktivistar arbeider sterkt med det grøne skiftet, men kor berekraftig er biodrivstoffet?

Kunnskapslause politikarar kjempar om å vera best på å redde klimaet. Dei kastar ut tal utan å skjønne fylgjene av det. 

Kvar skal biodrivstoffet koma i frå?  Arbeidarpartiet var fyrst ute med krav om 40 % biodrivstoff. No har også regjeringa gjort vedtak om det same. Under budsjetthandsaminga i 2016 sette Stortinget som mål at i 2020 skulle det vera 20 % biodrivstoff. 

Palmeolje er mykje etterspurt til biodrivstoff. Det blir hogge ned svært mykje regnskog for å dyrke palmer til oljeproduksjon. Det er ei sosial og miljømessig katastrofe seier Nils Herman Ranum i Regnskogfondet. Dersom ein ikkje får stoppe dette, vil det føre til katastrofal øydelegging av regnskogen i Sør-aust Asia. Rasering av regnskogen fører også til ekstra utslepp av såkalla «skadelege klimagassar», som ein nettopp skal hindre. Dette kan ikkje vera berekraftig. Den norske stat har bruka mange milliardar på å redde regnskogen.

Biodrivstoff av korn, bl.a. mais
I USA vart 90 % av maishausten før 2016 bruka til mat og dyrefor. USA har stort forbruk av drivstoff, og stor trong for olje. Dersom heile maishausten gjekk til å lage etanolsprit ville det utgjera om lag 10 % av forbruket. Frå 2016 vart 40 % av maisen omgjort til etanol. 

Matkorn til å lage drivstoff er galskap. Cornell-universitetet er reikna som det fremste i USA når det gjeld miljøforskning. Professor David Pimentel saman med Tad W. Patzek påvisar at å lage biodiesel og etanol frå landbruksprodukt brukar meir energi enn det dei får ut. Det er bortkasta, for det går med meir energi i fossilt drivstoff enn det ein vinn inn frå såkalla grøn energi. For mais utgjer dette 29 % meir, for soya 27 %, solsikke 118 %, og for trevirke heile 57 %. 

Etanol har heller ikkje så mykje energi pr volumeining som bensin. 1,3 l etanol er lik 1 l bensin. Etanol slepper ut like mykje CO2, og i tillegg kreftframkallande stoff som formaldehyd, aldehyd og ethylnitritt.

Bruk av mat og forkorn vil føre til svært høge matvareprisar. Maisprisen vart firedobla i Mexico, og prisen på ris auka og mykje.

Sukkerproduksjonen i Brasil 
har ei mørk bakside. Sukkerbaronane brukar paramilits til å taka jorda frå småbøndar. Dess meir Vesten, til dømes Noreg og Sverige spør etter etanol, til meir jord blir teke frå småbøndane . Dei få som får arbeid har nærast slavestatus, dei andre må til slummen i byane. 

Trevirke frå skog må vel vera greit?
Det er velkjent at ved å bruke tremasse kan ein lage sprit. 

Borregård industrier er blant dei beste til det. Av ein million m3 tømmer (trevirke) får dei ut 20 000 liter etanolsprit. Det vil seie 50 liter per m3. Det er svært lite energieffektivt. Det må meir fossil energi enn det dei får att i etanol.

Dersom den norske vegtrafikken, traktorar og anleggsmaskiner skulle bruke 40 % etanol frå trevirke, utgjer det 26 mill m3. Den årlege tilvoksteren er 25 millionar m3 trevirke, og hogsten til vanleg forbruk i dag er 10 mill m3. For å produsere biodrivstoff tilsvarande 40 % av forbruket, må me altså taka ut 11 mill m3 meir enn tilvoksteren. Nedhogging av skogen ville føre til mindre opptak av den «farlege klimagassen CO2». Dette er ikkje berekraftig. 

I tillegg kan ein få store problem med motorar produsera før 2002. Det vil bli svært dyrt drivstoff fordi trevirket har ein langt høgare verdi til cellulose og papirproduksjon. Det vart reikna på i Sverige for nokre år sida, og bruk av trevirke til cellulose og papir ville vera 28 gonger betre betalt. 

Konklusjon: Å lage biodrivstoff er galmannsverk
Kor lenge skal me lata kunnskapslause politikarar få herje med CO2-avgifter som fører til tap av svært mange arbeidsplassar, bruke over 40 milliardar på statsbudsjettet til inga nytte, og gjera drivstoff altfor dyrt for oss som bur i utkantane – og er heilt nøydd til å bruke bilen. Me må stope denne galskapen.

Artikkelen sto i Nationen den 10. februar 2021

Stans raseringen av Norges natur! Stans vindturbiner! Hjelp oss å spre fakta! Støtt Fakta360.no NÅ! – Vi trenger din hjelp! –

Legg inn en kommentar

Få nyheter fra Fakta360 på epost:

Arkiv
Kategorier

Fra samme forfatter: